Bømlo, øya - havet - året - vêret

Berit Bø Bakke (tekst, foto og design) og Finn Bakke (tekst og foto)

Kr. 349,-
2010
Kjøp boka på nett

Dette er ei smaks- og stemningsbok frå Bømlo. Gjennom kameraauga har me fanga små glimt av livet på øya, naturen, landskapet, havet og vêret – og litt av maten som blir lagd av dei flotte råvarene øya har å by på.

Bømlo er mild og barsk, frodig og karrig på same tid. Frå storhavet i vest, gjennom lune vikar og sund, til skogen og bakkane i aust, er det store variasjonar i naturen. Mangfaldet er like stort i næringsliv, kulturliv, sosialt liv og busetnad. Vêret og lyset skiftar, og årstidene går sin gong. Staden du var på i går, ser annleis ut når du kjem dit neste gong. Boka startar med ein snødag i januar, og sluttar med ein soldag i desember.