Smak på Ryfylke Sigrid Bø Grønstøl (tekst) og Berit Bø Bakke (foto)
Matbok med oppskrifter på gamle og nye rettar pakka inn i personleg og lokal mathistorie, miljø og landskap.
220 sider
Kr. 390,-
2009
Kva er ekte Ryfylkemat? Veldig søte ting, seier ein. Tørrfisk med steikt flesk, ein annan. Fiskekomler, seier ein tredje.
Smak på Ryfylke byr på tradisjonell ryfylkemat som det framleis er aktuelt å laga. Forfattaren byr på sitt eige kjøkken i ein personleg presentasjon av mat og mathistorie, kultur og landskap. Dette er ikkje kokkekunst, men kollektiv kjøkkenkunst, oppskriftene slik dei vandrar frå hus til hus.
Om du lurer på korleis mor krydra kjøtkakene, eller korleis ho laga den gode fiskegratengen, skal du finna oppskrift her. Samtidig får du nyare rettar frå
ryfylkekjøkkenet, som laks med pesto, ostekake og tomatsuppe med kvitløk og chili.
|