Gamle Haagens memoarer

Haakon Galta
Redaktørar: Sigrid Bø Grønstøl og Hallstein Grønstøl

164 sider
Kr. 320,-
2008

Personlege memoarar og kulturhistorie for Rennesøy og Ryfylke.

Gamle Haagen (1870-1961) budde på Galta i Rennesøy og skreiv heile livet, livsminne, dagbøker, bygdesoge, artiklar, songar, dikt og stubbar. Boka er ein redigert presentasjon av hans Livsminne. Ho er illustrert med gamle foto og med nye foto av fotograf Tom Galta.

Haagen fortel om oppvekst og skulegang, om ungdomstid og amerikareis, om gardsarbeid og organisasjonsliv, fiske og forlis og dramatikk på sjøen.

Dette er både ei personleg memoarbok og ei kulturhistorie for Ryfylkøyane. Gamle folk vil kjenna seg igjen og dei unge vil læra om fortid og røter.