Andalucía frå kjøkkenbenken

Sigrid Bø Grønstøl (tekst) og Berit Bø Bakke (foto)
195 sider
Kr. 398,-
2017

Tilbod: i september og oktober kan boka bestillast for kr 320,-

Andalucia frå kjøkkenbenken handlar om å vera langtids ferieinnvandrar i ein liten kvit landsby i Andalucía. Om å utforska landet via det daglege brød. Kva fortel maten og kvardagskjøkkenet om folk, kultur, landskap og historie?

Om kvitløk og fattigmannspoteter, mørkokt oksehale og festmåltid av geitekje. Om å hausta oliven. Om hus med spøkelse, svartkledde koner i døra og gamle menn i appelsinlunden. Om sår i sjela og Andalucía's barske historie. Om kjærleiken som fór og aldri kom. Om mandelrøyken frå bakeriet, om fiskebilen og eggedama og songen for jomfru Maria.

Med 28 oppskrifter på andalusisk tradisjonsmat og seks dikt av Andalucía's eigen store poet, Federico García Lorca.

Bestill boka